Band

Tilbod for elevar frå 5.trinn og oppover.

Eit samspillstilbud innan dei instrumenta som kulturskulen tilbyr opplæring i.

Er du ein del av ei gruppe som kunne tenke seg å starte band? Eller kunne du tenke deg å spele saman med andre? Meld deg på bandtilbudet til kulturskulen!

Når du starter å spele i band har du gjerne lært deg grunnleggande ferdigheitar på ditt instrument. Det er artig å spele med andre og det vil vere sosialt og musikalsk inspirerande.

Undervisnga vil gå føre seg til faste tider kvar veke i avtale med lærar.

Dersom man ynsker å melde på ei gruppe, må alle i gruppa melde seg på under “Band” og spesifisere i kommentarfeltet kven ein ynskjer å spele saman med.

Søk plass nå
Band vårkonsert 2 21.jpg