Gitar

Tilbod for elevar frå 3. trinn og oppover.

Når du starter opp med gitar lærar du å spele sangar etter akkorder, fingerspel, riff, melodi og solospill. Elevane skal bli kjent med kroppen si haldning i forhald til instrumentet, sitte og stå stilling, pust og bevegelse. Elevane lærar korleis tonene dannast og formast på instrumentet. Eleven får ei gradvis innføring i musikkteori og hørelære.

Vi tilpasser undervisinga etter eleven sitt nivå, og vil støtte føresette med å etablere gode øvingsrutiner heime. I all musikalsk virksomhet er eigenøving ein føresetnad for framgang på instrumentet. Elevane får instruksjon i å opparbeide gode øvingsrutiner og blir kjent med læraren si anbefaling til heimearbeid, og elevane- og føresette si oppfølging av dette.

Det forutsettes at eleven har tilgang til eigna instrument for øving. Instrument kan leiast i kulturskolen.

Kunne du tenke deg å lære og spele bassgitar?

Nå kan du også få individuell undervisning i bassgitar.

Kunne du tenke deg å lære og spele mandolin?

Skriv i kommentarfeltet i søknadsskjemaet at du er interessert, så er det også muligheter for å få opplæring i det.

Søk plass nå

Opptreden ved bibliotekkonsert på Dovre folkebibliotek