Kor

Kor

Lesja og Dovre kulturskole har inngått eit samarbeid med Dovrefjell Disharmoniske Selskab.

Dovrefjell Disharmoniske Selskab (DDS) har halde på sidan 1981. I starten var dei mest av alt eit barbershop-kor (barbershop er ein form av a cappella) og gjorde stor lykke med det. Så vart det meir folkemusikk, og etter kvart utvida dei repertoaret til å også omfatte kyrkjemusikk og andre musikkstilar.

Å vere med i koret er både sosialt og musikalsk utviklande. Ein blir godt teke vare på i koret og repertoaret blir lagt opp etter stemmane. Koret har behov for både damer og karar. Ungdom i alle aldre er velkome!

Dirigent er Hubertus Huijs, som har vore lærar i kulturskulen sidan 2009.

Dovrefjell Disharmoniske Selskab følg skuleruta, og har øvingar kvar tysdagskveld.

Ynskjer du å vere med i kor? Ta kontakt med Oddny Garmo på tlf. 975 41 648 eller oddnygarmo@hotmail.com.