Retningslinjer for Lesja og Dovre kulturskole
Gjeldande frå: 18.08.2026
Sist oppdatert: August 2026
Retningslinjene for Lesja og Dovre kulturskole beskriv rettar, plikter og rammer for elevar, føresette og kulturskolen.
Dokumentinformasjon
Dokumenttype: Retningslinjer
Ansvarleg: Lesja og Dovre kulturskole
Forankring: Opplæringslova §§ 26-1 og 26-2, Rammeplan for kulturskolen – Kulturskole for alle
Innhald
Formål og heimel
Målgruppe
Tilgjengelegheit og inkludering
Undervisning
Påmelding
Elevplass
Inntak
Venteliste
Medverknad
Samarbeid mellom heim og kulturskole
Forventningar til elevar og føresette
Fråvær
Permisjon
Avmelding
Betaling
Refusjon
Instrument og utstyr
Trygt og godt læringsmiljø
Tap av elevplass
Personvern
Forsikring
Klage
Kontakt
Ikraftsetjing
1. Formål og heimel
Lesja og Dovre kulturskole er ein interkommunal kulturskole eigd av Lesja og Dovre kommunar, med Dovre kommune som vertskommune.
Kulturskolen blir driven i samsvar med opplæringslova §§ 26-1 og 26-2, gjeldande kommunale vedtak og Rammeplan for kulturskolen – Kulturskole for alle (2025). Kulturskolen skal leggje til rette for at elevane får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk i eit trygt og godt læringsmiljø.
Retningslinjene skal sikre føreseielege og likeverdige rammer for elevar, føresette og tilsette.
2. Målgruppe
Kulturskolen sine ordinære tilbod er retta mot barn og unge frå 1. trinn til og med vidaregåande opplæring.
Barn og unge er kulturskolens primære målgruppe.
Dersom kapasiteten tillèt det, kan også vaksne søkjarar få plass.
3. Tilgjengelegheit og inkludering
Lesja og Dovre kulturskole skal vere eit tilbod for alle.
Kulturskolen arbeider aktivt for å leggje til rette for deltaking uavhengig av bakgrunn, funksjonsevne og økonomiske føresetnader.
Familiar som opplever økonomiske utfordringar blir oppmoda til å ta kontakt med kulturskolen.
4. Undervisning
Undervisninga følgjer skuleåret og skuleruta i Lesja og Dovre, med oppstart ei veke etter skulestart og avslutning ei veke før skuleslutt.
Undervisninga går føre seg i 36 veker per skuleår.
Kulturskolen følgjer grunnskulen sine ferie- og fridagar.
Undervisninga kan vere individuell eller gruppebasert.
Konsertar, forestillingar, utstillingar og andre arrangement er ein del av opplæringa.
5. Påmelding
Påmelding skjer gjennom kulturskolen sitt administrasjonssystem.
Søknadsfristen for nytt skuleår er 1. mai.
Ved innsending av søknad stadfestar føresette eller elev over 18 år at dei har gjort seg kjende med desse retningslinjene.
All kontaktinformasjon skal haldast oppdatert.
6. Elevplass
Når elevplass er tildelt, blir plassen normalt vidareført frå år til år inntil skriftleg oppseiing blir sendt til kulturskolen.
Automatisk vidareføring gjeld ordinært for elevar i kulturskolens hovudmålgruppe.
For deltakarar utanfor kulturskolens ordinære målgruppe blir ikkje plassen automatisk vidareført frå eitt skuleår til det neste. Vidare deltaking må avtalast med kulturskolen og er avhengig av ledig kapasitet.
Prøvetime
Nye elevar har høve til éi prøvetime i ordinære undervisningstilbod.
Dersom eleven ikkje ønskjer å halde fram, må skriftleg utmelding skje innan utgangen av same veka som prøvetimen er gjennomført.
Ved utmelding innan fristen fell betalingsplikta bort.
Ordninga gjeld ikkje kortkurs eller andre tidsavgrensa tilbod.
7. Inntak
Tildeling av elevplassar skjer normalt i juni.
Elevane får tilsendt inntaksbrev på e-post når inntaket er gjennomført.
Laupande opptak kan gjennomførast gjennom skuleåret dersom det blir ledig kapasitet.
8. Venteliste
Dersom eit tilbod har fleire søkjarar enn kapasitet, blir det oppretta venteliste.
Ventelisteansiennitet blir rekna frå registreringsdato i administrasjonssystemet.
Søkjarar som ikkje allereie har elevplass i kulturskolen blir normalt prioriterte framfor elevar som ønskjer fleire tilbod.
Kulturskolen kan gjere faglege og praktiske vurderingar ved inntak frå venteliste.
9. Medverknad
Elevane skal oppleve å bli lytta til og få moglegheit til å påverke eiga læring og utvikling.
Kulturskolen skal leggje til rette for medverknad frå elevar og føresette gjennom dialog, møte og undersøkingar.
10. Samarbeid mellom heim og kulturskole
Kulturskolen legg vekt på eit godt samarbeid med heimane.
Føresette er viktige samarbeidspartnarar i eleven si læring og utvikling.
Kulturskolen og føresette skal saman bidra til gode rammer for læring, motivasjon, meistring og trivsel.
11. Forventningar til elevar og føresette
Eleven skal
møte presis til undervisning
ha med nødvendig utstyr
delta på konsertar, forestillingar og arrangement som er del av opplæringa
arbeide med det som er avtalt mellom undervisningsøktene
Føresette skal
støtte barnet sitt læringsarbeid
bidra til at barnet møter presis til undervisning
halde kontaktinformasjon oppdatert
melde frå ved fråvær
12. Fråvær
Fråvær skal meldast til lærar så tidleg som mogleg.
Undervisning som fell bort på grunn av eleven sitt fråvær blir normalt ikkje erstatta.
Ved undervisning i skuletida må fråvær meldast direkte til kulturskolen.
Etter tre tilfelle med umeldt fråvær i løpet av eitt semester blir elev eller føresette kontakta av kulturskolen.
Ved vidare umeldt fråvær kan tap av elevplass bli vurdert.
13. Permisjon
Ved lengre fråvær kan det søkjast om permisjon frå kulturskolen.
Søknaden skal sendast skriftleg til rektor.
Kulturskolen kan ikkje garantere at elevplassen blir halden av gjennom permisjonsperioden.
14. Avmelding
Oppseiingsfrist for haustsemesteret er 1. mai.
Oppseiingsfrist for vårsemesteret er 1. desember.
Oppseiing skal skje skriftleg.
15. Betaling
Skolepengar og avgifter blir fastsette gjennom politiske vedtak i eigarkommunane.
Kulturskolen tilbyr søskenmoderasjon i samsvar med gjeldande vedtak.
Manglande betaling kan føre til tap av elevplass.
16. Refusjon
Ved langvarig sjukdom eller andre særlege forhold kan det søkjast om heil eller delvis refusjon.
Søknaden skal dokumenterast og blir vurdert individuelt.
17. Instrument og utstyr
Eleven må ha tilgang til nødvendig utstyr for deltaking i undervisninga.
Utstyr som blir lånt eller leigd gjennom kulturskolen skal behandlast forsvarleg.
18. Trygt og godt læringsmiljø
Alle elevar skal oppleve eit trygt, inkluderande og respektfullt læringsmiljø.
Kulturskolen aksepterer ikkje:
mobbing
diskriminering
trakassering
vald eller truslar
skadeverk på utstyr eller eigedom
19. Tap av elevplass
Kulturskolen kan avslutte elevplassen dersom:
eleven har gjentatt umeldt fråvær
betaling ikkje skjer etter gjeldande rutinar
eleven eller føresette grovt eller gjentekne gonger bryt retningslinjene
åtferd er til vesentleg hinder for undervisninga eller læringsmiljøet
Elev og føresette skal få høve til å uttale seg før elevplassen blir avslutta.
20. Personvern
Kulturskolen behandlar personopplysningar i samsvar med personopplysningslova, personvernforordninga (GDPR) og kommunane sine personvernrutinar.
21. Forsikring
Elevane er omfatta av dei forsikringsordningane som til kvar tid gjeld i eigarkommunane.
22. Klage
Vedtak om opptak, ventelisteplassering eller tap av elevplass kan klagast på skriftleg til rektor innan tre veker etter at vedtaket er motteke.
Klager blir behandla etter kommunen sine gjeldande rutinar.
23. Kontakt
Oppdatert kontaktinformasjon til kulturskolen, administrasjonen og rektor finst til kvar tid på kulturskolen si nettside.
24. Ikraftsetjing
Desse retningslinjene gjeld frå 18.08.2026.
Retningslinjene erstattar tidlegare rutinar og retningslinjer for Lesja og Dovre kulturskole.
Dokumentet er eit styringsdokument for Lesja og Dovre kulturskole. Oppdatert versjon vil til kvar tid vere publisert på denne nettsida.