Lurar du på noko?
Her får du svar på nokre ofte stilte spørsmål…
-
Individuell undervising, kr. 3 387,- per år
Gruppeundervising, kr. 3 387,- per år
Leie av instrument, kr. 377,- per år
Lag som kjøper tenester, kr. 10 810,- per årstime
Kulturskulen tilbyr søskenmoderasjon på 50 % frå barn nummer 2 og utover. Gjeld ordinære tilbud.
Er økonomi eit hinder for deltaking i kulturskulen? Ta kontakt med oss, så kan vi sjå om vi finn ei løysing.
-
Å søke plass i kulturskulen skjer på kulturskulen si nettside; lesjadovrekulturskole.no. Trykk deg inn på tilbudet du ynskjer å delta på, og så trykker du på “søk plass”-knappen.
Da blir du teke vidare til kulturskulen sitt administrasjonssystem “SpeedAdmin” der du må legge inn ei rekke opplysningar - for så å trykke søk!
-
1.mai!
Det er også fristen for avmelding, dersom du ikkje skal fortsette neste skoleår.
Dersom lærarar får ledig kapasitet, kan det bli teke inn elevar frå ventelista i laupet av året.
-
Undervisninga foregår mange stadar i Lesja og Dovre.
Nokre har undervising i skuletida, medan andre har undervising rett etter skuletid på skulen. Andre har undervising nærare der ein bur på kveldstid.
Kor eleven skal undervisast blir avtalt med føresette i forkant av undervisingsstart. Vi strekk oss etter å undervise der eleven er!
-
Da havnar du på venteliste og får beskjed når ein ledig elevplass dukkar opp.
Det er viktig å melde seg på sjølv om det kanskje er fullt, slik at du havnar inne i administrasjonssystemet vårt. Ein får ikkje beskjed om ledig plass dersom ein ikkje står på venteliste.
Les mer om rutiner for venteliste her.
-
Du treng å ha tilgang til det instrumentet du ynskjer å ha opplæring i heime. Har du ikkje instrumentet heime må du enten investere i eit eiga, eller låne gjennom kulturskulen.
-
Lesja og Dovre kulturskole er ein interkommunal teneste som tilbyr opplæring i kunst- og kulturfag, i tillegg til at vi er ein sosial kultur- og meistringsarena for barn og unge i bygdane våre.
Lesja og Dovre kulturskole har høgt utdanna tilsette som jobbar for å tilby innbyggarane i kommunene eit profesjonelt og godt opplæringstilbud.
Alle kommuner er lovpålagt å ha ein kulturskule, og vi følg den nasjonale rammeplanen for kulturskuler.
-
Alle som bur i Lesja og Dovre som er i grunnskulealder, altså fra 1. trinn til 3. vgs.
Dersom lærarar har kapasitet og det er interesse for deltaking frå personar over grunnskulealder, så kan også dei bli teke inn.
Vi arrangerer av og til kurs for vaksne og barnehagebarn. Les meir under “Våre tilbod” øvst på verktøylina.
-
Nei!
Er du elev i kulturskulen treng du ikkje å søke på nytt kvart år.