Brukarportal

Er du foresett, elev eller brukar av kulturskulen? Her finn du alt du treng å vite samla på ein stad!

Kulturskulen sine rutiner

Forventinger

Elevane skal spele på instrumentet sitt heime minst to gongar i veka. Dette skapar framgang mellom timane, speleglede og meistring. Dersom du spel på instrumentet ofte, vil det blir artigare å spele musikk!  

Møtførebudd og presis til undervising, og ha med deg notene dine og instrumentet ditt.

Set av tid til øving heime, slik at undervisingstiden blir så lærerik og nyttig som mogleg.

Det er viktig at elevane spel på instrument av god nok kvalitet og held det ved like. Ved kjøp av eiga instrument bør lærar kontaktast for råd, særleg dersom eleven er nybegynner.

Ved fråver må ein gi beskjed til læraren sin så fort som mogleg. Helst dagen i forvegen, eller fleire dagar, med mindre noko akutt skjer.

Ny adresse, e-post eller telefonnummer? Meld straks frå til oss! Å ha oppdatert elev- og føresettinformasjon er viktig for å oppretthalde ein god skule-heim kommunikasjon.

Eit godt skule-heim samarbeid er viktig for oss. Slik kan vi saman legge til rette for læring og meistring. Vi ynskjer oss engasjerte, spørrande og ivrige føresette!

Å delta på konsertar og andre arrangement er viktig for å halde motivasjonen oppe, og for å bli kjent med andre kulturskuleelevar.

Fram til ungdomsskulealder er det føresette sitt ansvar at eleven kjem seg på undervisingtime med rett utstyr. 

Som føresett er du den viktigaste bidragsytaren til motivasjon og utvikling! Du kan hjelpe barnet ditt sjølv om du ikkje kan å spele instrumentet sjølv. 

Årshjul 2026-27

Endringar kan forekomme.

Lurar du på noko angåande eit arrangement? Se Friskus for meir informasjon!

Lurar du på noko angåande våre rutiner og korleis kulturskulen blir dreve? Les alt du treng å vite i vår brukerportal eller om oss.

Har du eit anna spørsmål? Ta kontakt med rektor Martine Haugen eller ein annan lærar!

Tips til heimeøving!

Set av eit spesifikt tidsrom for speling, til dømes 10 minutt med pianospel etter middag. Korte, frekvente øvinger er betre enn lange og sjeldne!

Instrumentet må vere lett tilgjengeleg for bruk! Står det pakka ned ein stad er det høgare terskel for å spele.

Ver ein engasjert forelder - spør om korleis speletimen har gått og kva hen har lært.

Har du tid til skjerm har du tid til øving! Kanskje du finn ein artig trekkspelvideo på YouTube?  

Føresette er hjarteleg velkome til å vere med på ein undervisingstime dersom ein er nysgjerrig!  

Be barnet ditt ha ein minikonsert for deg eller andre slektningar.

Spør barnet ditt om hen kan lære deg ein akkord eller eit dansetrinn. 

SpeedAdmin

SpeedAdmin er søknads- og brukarportalen til Lesja og Dovre kulturskole.

Her ligg alt av informasjon om brukarane våre, og det er her lærarane legg timeplan og set opp kurs. Rektor brukar systemet til fakturering på hausten og våren, og det er difor personnummeret til føresette må oppgis ved søking.

Elevar og føresette kan logge seg inn på SpeedAdmin og finne nødvendig informasjon om kulturskulen. Nokre lærarar nyttar seg også av læringsplattformen inne i systemet, og der kan ein finne lekser og anna støttemateriale til undervisinga.

SpeedAdmin er det mest brukte administrative programvaresystemet  for musikk- og kulturskuler i Skandinavia og blir stadig meir brukt over heile Europa. SpeedAdmin vart grunnlagt i Danmark.

Kva er SpeedAdmin?

Brukerrettleiing for innlogging i Speedadmin

  1. Trykk deg inn på nolesjadovre.speedadmin.dk

  2. Skriv inn brukernavn og eleven sin fødselsdato; DDMMÅÅ

  3. Hvis du har gløymt passord, trykk GLEMT PASSORD (passord vil da bli sendt til den e-postadressa som du registrerte deg ved første søknad til kulturskolen).

  4. Ein kan opprette kun éin brukar per elev.  

Om du treng hjelp til innlogging eller om du har spørsmål om SpeedAdmin kan du ta kontakt med rektor Martine Haugen eller ein lærar.

Prisar

Betalingssatsar for Lesja og Dovre kulturskole, fra 01.08.2026:

Individuell undervising, kr. 3 489,- per år

Gruppeundervising, kr. 3 489,- per år

Leie av instrument, kr. 377,- per år

Lag som kjøper tenester, kr. 11 134,- per årstime

Pris for kortare kurs blir sett etter kursets omfang og regulert etter vedtatte prisar for årstimane i kulturskulen.

Det fakturerast to gonger i året, éin gang i laupet av haustsemesteret og éin gong i laupet av vårsemesteret.

Kulturskulen tilbyr søskenmoderasjon på 50 % frå barn nummer 2 og utover. Gjeld ordinære tilbud.

Er økonomi eit hinder for deltaking i kulturskulen? Ta kontakt med oss, så kan vi sjå om vi finn ei løysing.