Piano
Tilbod for elevar frå 2. trinn og oppover.
Når du startar opp med piano vil du lære det grunnleggande for tangentinstrument. Du vil lære god handstilling og bli kjent med klaviaturet og kunne forstå kva som er oppover og nedover, og tangentnavn. Du vil lære fingerseting og enkel notelære med noteverdiar og rytmer. Du vil lære å spele med begge hendene og øve inn pianostykke med hjelp av noter og etter gehør, og enkel besifring.
Vi tilpassar undervisinga etter eleven sitt nivå, og vil støtte føresette med å etablere gode øve rutiner heime. I all musikalsk virksomhet er eigenøving ein føresetnad for framgang på instrumentet. Elevane får instruksjon i å opparbeide gode øvingsrutiner og blir kjent med lærerane sine anbefalingar til heimearbeid, og elevene- og føresette si oppfølging av dette.
Det forutsettes at eleven har tilgang til eigna instrument for øving. Instrument kan leiast i kulturskolen.
Opptreden ved bibliotekkonsert på Dovre folkebibliotek