Våre lærarar

 
Mads4.jpg

Mads Erik Odde

Underviser i trekkspel og torader.

Mads Erik Odde er ein folkemusikar og musikkpedagog frå Garmo, og underviser på trekkspel og torader.  Han har utdanning frå folkemusikklinja på Vinstra og Norges Musikkhøyskole, der han fullførte mastergraden sin i 2017. I tillegg til å vere lærar i kulturskulen, jobbar Mads Erik som frilans musiker. 

Foto: Lars Evensen

Kari svarthvitt.jpg

Kari Ulheim

Underviser i Dovre skolekorps.

Kari kjem opprinneleg frå Dovreskogen, og starta sin musikalske karriere i Dovre skolekorps og Dombås musikkforening. Etter mange års musikkstudie på Hamar, i Trondheim og Oslo, flytta ho attende i 2011, og jobbar nå som instruktør og dirigent i Dovre skolekorps og underviser i musikk ved Dovre ungdomsskole.

Ho har blant anna ein mastergrad i klarinett ved Norges Musikkhøgskole og pedagogisk utdanning frå Høgskolen i Hedmark. Ho har heilt sidan ungdomsaldaren jobba som dirigent og instruktør i ulike skule- og vaksenkorps. Når ho ikkje driv med musikk, liker ho seg aller best på tur i fjellet eller skogen.

 
Hubertus Huijs.jpg

Hubertus Huijs

Underviser i Lesjaskog skulemusikk.

Hubertus begynte å spele saksofon da han var 13 år gamal. Han studerte seinere jazz på kunsthøgskulen i Amsterdam og har spela profesjonelt sidan da. I Lesja og Dovre kulturskole starta han som lærar i 2009.

I dag dirigerar han Lesjaskog skulemusikk og har aspirantopplæring. Han er også dirigent i Dovrefjell Disharmoniske Selskab.

Silje Olava Bakken

Underviser i dans.

Silje Olava har ein bachelor frå Norges Dansehøyskole og PPU fra Kunsthøyskolen i Oslo. Ho jobbar no fulltid som dansepedagog, dansar og koreograf, både nasjonalt og internasjonalt. I Noreg har ho opptrådt på ulike førestillinger, musikalar, TV-opptredenar, og musikkvideoar, og har sett opp eigne produksjonar utanom det.

Internasjonalt har Silje Olava opptrådt i Kina ved tre anledningar, og Uganda ved to der ho også sette opp si eiga førestilling i samarbeid med lokale utøvarar. Silje Olava er ein allsidig dansar og driv innanfor jazz, moderne og hip hop. Ho har sidan 2016 jobba i hip hop kompaniet Radix Dance Crew, kor ho både er leiar, dansar, og koreograf. 

Martine Haugen

Rektor i Lesja og Dovre kulturskule.

Underviser i sang og gitar.  

Martine er ein sangar og gitarist frå Dombås, som sjølv starta si musikalske karriere i Lesja og Dovre Kulturskole som elleveåring.

Ho har ein bachelorgrad som faglærar i musikk frå Høgskolen i Innlandet på Hamar. Elles har ho mange års erfaring som musikar i fleire band og som soloartist.

I 2022 tok ho over som rektor i Lesja og Dovre kulturskole etter Anethe Kleven, og har vore rektor sidan.

 

Sindre Johnsgård Drogen

Underviser i gitar, band, ukulele, slagverk og bassgitar. 

Sindre kjem frå og er bosett på Dovre. Han har faglærarutdanning med mastergrad i musikk fra Nord Universitet i Levanger. Han har gitar som hovudinstrument, men spelar også mandolin og liknande strengeinstrument. 


Han har erfaring innanfor dei fleste sjangrar, men har dei siste årane fordypa seg i folkemusikk frå Nord-Gudbrandsdalen. 
Når Sindre ikkje driv med musikk slapper han gjerne av med ein kopp kaffe og ein serie eller fotballkamp på TV-en.

Erlend Grønbeck

Underviser i piano

Erlend Grønbeck er opprinneleg frå Melhus i Trøndelag, men er nå bosett med familien på fem på Lesjaverk. Hit kom dei vinteren 2021 etter fleire år på Vinstra, kor Erlend underviste piano og musikkhistorie på musikklinja og i kulturskulen i Fron.

Etter fullførte studie i Bergen og Trondheim i 2012, har han jobba med instrumentopplæring, nå som pianolærar i Lesja og Dovre kulturskole. I tillegg til dette er han musikklærar på Lesja skule. Som fleire av dei andre i kollegiet trivst han best ute i fri natur, både med fluestang og på rype- og reinsfjellet.


Jorgen,-farge.jpg

Jørgen Brandli

Underviser i piano

Jørgen har undervist i piano- og orgelspel i Lesja og Dovre kulturskole sidan skulen vart etablert for tredve år sidan, og har i laupet av denne tida vorte kjent med svært mange flinke og trivelege elevar frå alle delar av dei to kommunane våre.

Jørgen har sjølv spela orgel og piano sidan barneåra. Han er utdanna kyrkjemusikar og pedagog frå Norges Musikkhøgskole, og har jobba som utøvande musikar heile yrkeslivet.