Korps

Korps

Korpsundervising organiserast gjennom kulturskulen, og styret i korpset organiserer drift og påmelding. Viss du ynskjer å spele blåseinstrument eller slagverk i korpset, ta kontakt med dirigent eller styreleder i korpset.

Vil du bli med i korps?

  • Du får opplæring på blåseinstrument eller slagverk i grupper/enkeltundervising

  • Du får spele saman med mange andre i eit felles korps

  • Du får bli med på sosiale aktivitetar, konsertar og turar samamn med dei andre i korpset

Kontaktinfo

Lesjaskog skulemusikk
Hubertus Huijs, dirigent og lærar tlf. 909 64 536

Dovre skolekorps
Kari Ulheim, dirigent og lærar tlf. 901 37 868

https://www.facebook.com/dovreskolekorps

Dovre skolekorps: Påmelding og øving

Instrumentopplæring på blåseinstrument er på Dovre barneskole rett etter skoletid på måndag eller fredag. Lærar er Kari Ulheim.

Når musikantane har spela i 1-2 år plar vi også å ha ei fellesøving i veka.

Tidspunkt for instrumentopplæring på slagverk blir avtalt direkte med lærar Sindre Drogen. 

Du får låne instrument og utstyr av korpset. Opptak frå 3.klasse.

Nye medlem starter vanlegvis øving ved skulestart om hausten, men vi tek gjerne imot nye medlem gjennom heile året dersom det let seg løyse praktisk.

For å melde deg på, ta direkte kontakt med Kari Ulheim, tlf. 90 13 78 68 eller e-post: kari.ulheim@dovre.kommune.no

Meir info

I tillegg til øving og konsertar, arrangerer Dovre skolekorps diverse sosiale aktivitetar for medlemma sine. Til dømes svømming, hundekøyring, besøk hjå andre korps, turar, bowling, pizza, medmeir.

Vi ynskjer at alle som vil skal kunne bli med i korpset. Difor er slike aktivitetar gratis for medlemma i korpset (det kan vere aktuelt med ein liten eigenandel på lengre turar).

For å finansiere dette og innkjøp av instrument osv., har korpset flaskeinnsamling to - tre gongar i året, samt ein medlemskontingent på kr 600,- i halvåret.

Liker du musikk?

Har du lyst til å lære og spele eit instrument?

Har du lyst på nye venar?

Har du lyst til å spele konserter og dra på turar?

Har du lyst på ein hobby du kan ha heile livet?

Da håper vi at du vil bli med i Dovre skolekorps eller Lesjaskog skulemusikk!

Se film fra Dovre skolekorps:

https://www.youtube.com/watch?v=8DC05J4wBw4

 
Korps- julekonsert 19.jpg