Om Lesja og Dovre kulturskole

Kven er vi og kva gjer vi?

Har du lyst til å utvikle stemma eller lære å spele eit instrument?

Kjenne på danseglede saman med andre?

Oppleve meistring og ta del i eit musikalsk eller kunstnerisk fellesskap?

Da er kulturskolen staden for deg!

Lesja og Dovre kulturskole er ein interkommunal kulturskole med Dovre som vertskommune. Kulturskolen er eit profesjonelt læringsfellesskap med høgt utdanna og erfarne lærarar.

Det vi gjer aller mest er å ha undervising ein-til-ein eller i gruppe, der ein lærar å spele eit instrument, utvikle stemmen sin eller lærar dansekoreografier.

Vi arrangerer små og store konsertar, førestillinger, turar, workshops, samlinger med meir for våre elevar. Dette er inkludert i prisen, og bidrar til å skape eit trygt, inkluderande og kreativt miljø der ein kan møte likesinna menneske og bli kjent med andre.

Vi underviser i alle grender, fra Lesjaskog til Dovre.

Vi samarbeider også med lag og foreininger i Lesja og Dovre for å tilby forskjellige kunst- og kulturtenester.

Lesja og Dovre kulturskole er eit ressurssenter for kunst og kultur i kommunane våre, og vi sit på kunnskap og ferdigheitar som kan vere nyttig for mange i lokalsamfunnet vårt.

Kontakt oss om du har en idé eller ynskjer å samarbeide med oss!

Kven er vi?

Undervising i kulturskulen

Undervisinga i kulturskulen er organisert som individuell undervising eller gruppeundervising. Undervisningsformene- og tidene vil vere varierande, og kulturskulelæraren vil sørge for at undervisinga er tilpassa eleven sine mål, ynskjer og føresetnadar.

Den individuelle undervisinga går føre seg ein-til-ein, med ein dyktig musikkpedagog som har brei kunnskap og som brenn for faget. Utgangspunktet er 20 minutt undervising i uka. Gruppeundervisinga kan variere fra 30 - 60 minutt, avhengig av størrelse, alder, ferdigheitar og andre føresetnadar.

Kulturskulen er delt inn i breidde-, kjerne- og dybdetilbud, for å kunne gi innbyggerane våre varierte tilbod som passar for dei fleste.

Hovedmålgruppa vår er barn- og ungdom frå 1. trinn til 3. vgs, men vi tilbyr også kurs for vaksne og barnehagebarn. Vi ynskjer at Lesja og Dovre kulturskole skal vere ein kulturskule for alle!

Alle våre tilbod følg grunnskulen sine fri- og heilagdagar. Undervisinga kan vere i skuletid, SFO-tid, på ettermiddag, kveld eller helg.

Førestillinger, konsertar og andre arrangement er ein del av årshjulet til kulturskulen og blir rekna som ein del av undervisingstilbodet i kulturskulen. Kulturskulen tilbyr mange spennende moglegheiter for å delta på kulturarrangement i Lesja og Dovre og i nabokommunar, til dømes vandrekonserten Tælahiv, bibliotekkonsertar, juleførestilling og kunstutstillingar.

Lesja og Dovre kulturskole bruker «Kulturskole for alle» – Rammeplan for kulturskolen

Planen kom den 01.01.2025, og er styringsdokumentet for både skoleeigarar (kommunene), rektor og kulturskulelærarane, og er utarbeida av Kulturskolerådet nasjonalt.

Visjonen til kulturskulen er kulturskule for alle.

“Kulturskolen har et spesielt ansvar for barn og unge, men har mer å tilby: til voksne og eldre, og til hele lokalsamfunnet. I lokalsamfunnet skal alle få møte kunsten og kulturen - i tett sammenheng med skolen og kulturlivet. Som aktiv forvalter av kunst- og kulturarv har kulturskolen et tilbud som alle som bor i kommunen, er i kontakt med gjennom hele livet.” (Rammeplanen, 2025).

Læreplan

Grunnskulen har ein læreplan og barnehagen har ein rammeplan som legg føringar for kva som skal lærast. Men kva har eigentleg kulturskulen?

Visste du at…

Det er lovfesta at alle kommunar skal ha ein kulturskule?

“§26-1 Kulturskole: Kommunen skal ha eit tilbod om kulturskole til barn og unge, organisert i tilknyting til skolen og kulturlivet.” (Opplæringslova).

Det er ein menneskerett å ha moglegheiten til å delta i kunst- og kulturaktivitetar?

FNs barnekonvensjon slår fast at barn har “rett til hvile og fritid og til å delta i lek og fritidsaktiviteter som passer for barnets alder, og til fritt å delta i kulturliv og kunstnerisk virksomhet” (Artikkel 30 og 31).

Ein får betre psykisk helse av å delta i kulturelle aktivitetar?

“Deltaking i kulturelle aktivitetar, til dømes gjennom kulturskulen, gir meistringskjensle og tilhøyrsle, og bidreg til god psykisk helse”. (Meld. St. 15 (2022-2023)).

Er du interessert i å lese meir om korleis kulturskulen er organisert nasjonalt?

LES RAMMEPLANEN I SIN HEILHEIT HER!

Priser

Betalingssatsar for Lesja og Dovre kulturskole, frå 01.08.2025:

Individuell undervising, kr. 3 387,- per år

Gruppeundervising, kr. 3 387,- per år

Leie av instrument, kr. 377,- per år

Lag som kjøper tenester, kr. 10 810,- per årstime

Pris for kortare kurs blir sett etter kursets omfang og regulert etter vedtatte prisar for årstimane i kulturskulen.

Det fakturerast to gonger i året, ein gong i laupet av haustsemesteret og ein gong i laupet av vårsemesteret.

Kulturskulen tilbyr søskenmoderasjon på 50 % frå barn nummer 2 og utover. Gjeld ordinære tilbud.

Er økonomi eit hinder for deltaking i kulturskulen? Ta kontakt med oss, så kan vi sjå om vi finn ein løsning saman.

 

SØK PLASS I LESJA OG DOVRE KULTURSKOLE