Kortkurs

Break med Brage!

Har du lyst til å teste ut breaking, eller kan du litt frå før og ønsker å lære meir? Bli med på breakeworkshop med Brage Eckhoff Planke!

Brage har breaka heile livet sitt i Floorknights Crew, og har fleire pallplasseringer frå både NM og internasjonale battler. Dansestilen hans er prega av kreativitet, improvisasjon og eksplosivitet. I tillegg til dette er Brage ein god folkedanser, og har dansa mykje halling for gøy og på konkurranse.

Brage skal ha ein workshop hjå oss med fokus på danseglede og kreativitet i breaking. Workshopen tilpasser seg ulike nivå, og gir rom for å finne sin stil inn i breakinga.  

Dette er ein gratis workshop for alle barn og unge i Lesja og Dovre, på Dombås samfunnshus.

TIDSPUNKT: Onsdag 1. april

Kl. 11:00 - 12:00 (gruppe 1)

Kl. 12:00 - 14:30 (gruppe 2)

OBS! 15 plassar per gruppe.

FOR KVEN:

1. trinn - 3. vgs.

Dei påmeldte blir delt inn i to grupper etter alder, der den yngste gruppa breaker frå kl. 11:00 til 12:00 og den eldste frå kl. 12:00 til 14:30.

Info blir gjeve dagen før kurset!

Tilbod for vaksne frå 18 år og oppover

Etter suksessen under jubileumsveka vår, set vi no i gang med fleire dansekurs for vaksne! Dette kurset passar for alle som liker å bevege seg til musikk og vil møte helga med god energi og stemninga på topp. Etter dansetimen er det moglegheit for sosialt samvær for den som ynskjer det!

Alle er velkome uansett føresetnadar og tidligare erfaringar.

Kor? Speilrommet på gamle Dombås Treningsstudio / gamle Shell (Gudbrandsdalsvegen 2582). Inngang ved Posten!

Når? Ein gang i måneden, på fredager fra kl. 18:00 - 19:30

17. oktober, 14. november, 19. desember, 16. januar, 13. februar, 13. mars, 10. april, 8. mai

Pris?

Deltakelse på alle kurs: kr. 950,-

Drop-in (pris per. kurs): kr. 150,-

Betaling skjer gjennom Vipps ved oppmøte for drop-in, for full sesong blir det sendt faktura.

Påmelding?

DROP-IN? Se Forms-skjema HER!

FULL SESONG? Se SpeedAdmin for påmelding HER!

Du kan melde deg på alle kursa, og du kan melde deg på eitt og eitt. I Forms-skjemaet kan du velge kva slags kurs du ynskjer å melde deg på.

Dans for vaksne

NYTT TILBOD!

Tilbod for elevar frå 1.-4. trinn på Dovre Barneskole.

Sangstund med Martine er eit tilbod der ein samlast og syng både nye og gamle sangar. Tilbodet er for alle som liker å synge og ynskjer å gjere det saman med medelevar.

Tilbodet er eit lavterskeltilbod der det einaste du treng å ta med er godt humør. Å synge saman skaper glede og meistring, og det er også ein fin moglegheit til å bli kjent med elevar frå andre alderstrinn!

Undervisingsted; Musikkrommet, Dovre Barneskole

Undervisinga går føre seg rett etter skuletid på mandager, kl. 13:15 til 14:40. Elevane blir delt i to grupper der dei som ikkje har SFO blir prioritert på den fyrste gruppa. Kvar gruppe syng i 40 minutter.

Elevane som tek buss heim blir teke hand om.

Kurset startart etter haustferien og avsluttast i slutten av april. Undervisinga følg grunnskulen sine ferie- og fridager.

Det vil også dukke opp moglegheitar til å opptre, for dei som ynskjer det!

Pris: pr. semester kr. 410,- (Totalt kr. 820,- for heile kurset). 

Sangstund

Vi har også kortkurs i kunst!