Lesja og Dovre kulturskole tek turen vestover!
(INTERNT ARRANGEMENT FOR ELEVAR I KULTURSKULEN)
Vi avsluttar skuleåret 24/25 med ein tur til Åndalsnes, der vi spel konsert, et pizza og har det hyggeleg saman. I år reiser vi torsdag 11. juni i nest siste skuleveke.
Turen er for alle våre elevar som går i 5. klasse og oppover.
Heimane må sjølve søkje om fri frå skulen denne dagen.
PÅMELDING HER! Påmeldingsfrist 1. juni.
Program for dagen…
KL. 08:50 Avgang Dovre barneskule
KL. 09:15 Plukke opp elevar på Lesja skule
KL. 10:00 Plukke opp elevar på Lesjaskog skule
KL. 10:45 Stopp ved Trollveggen
KL. 11:15 Avreise Trollveggen
KL. 12:00 Konsert på Helsehuset
KL. 13:00 Fritid
KL. 14:00 Pizza på Mama Rosa
KL. 15:00 Avreise Åndalsnes
KL. 17:00 Sleppe av elevar på skuler og busshaldeplasser
KL. 16:00 Ankomst Dombås
Husk på dette!
Ta med niste! Det blir ikkje pizza før kl. 14:00, så det er derfor viktig at alle tek med niste. Det vil vere mogleg å ete litt når vi stoppar ved Trollveggen.
Denne gongen blir det bare ein konsert, og kvar enkelt lærar avtalar med elevane sine kva som skal spelast!
Meld ifrå om allergiar dersom du ikkje allereie har gjort det!
Si ifra så fort som mogleg dersom du ikkje kan vere med på turen likevel, slik at vi får oppdatert listene våre.
Mobiltelefon er lov å ha med, men kulturskulen vil ta dei inn frå morgenen av og fram til konserten er ferdig.
Vi gler oss stort til tur!