Velkome til oss!

Har du lyst til å utvikle stemma eller lære å spele eit instrument?
Kjenne på danseglede saman med andre?
Oppleve meistring og ta del i eit musikalsk eller kunstnerisk fellesskap?

Bli elev i Lesja og Dovre kulturskole da vel!

Våre tilbod

 

Dans

Musikk

Korps

Kortkurs

 
Tilboda våre!

Kalender

Se flere arrangementer

Undervising i kulturskolen

Undervisinga i kulturskulen er organisert som individuell undervising eller gruppeundervising. Undervisingsformene vil vere varierande og tilpassa eleven sine mål, ynskje og føresetnadar. Alle våre tilbod følg grunnskulen sine fri- og heilagdagar. Undervisinga kan vere i skuletid, SFO-tid, på ettermiddag, kveld eller helg.

Førestillingar, konsertar og andre arrangement er en del av årshjulet til kulturskulen og blir regna som ein del av undervisingstilbudet i kulturskulen. Kulturskulen tilbyr mange spennande moglegheiter for å delta på kulturarrangement i Lesja og Dovre og i nabokommuner, for eksempel vandrekonserten Tælahiv på våren og juleførestilling før jul.

Les meir

Ynskjer du at elevar i kulturskulen skal spele på ditt arrangement?

Ta kontakt med oss!

Vi stillar gjerne opp som kunstneriske innslag på forskjellige tilstelninger - berre hugs og spør i god tid. I kulturskulen har vi ein årsplan som vi tek omsyn til, og det er derfor viktig at førespurnadar kjem i god tid slik at vi kan tilpasse oss den.

Døme på arrangement der vi kan bidra med eit innslag er årsmøte, konsertar, politiske møte, utstillinger, føredrag, med meir.

Kontaktinformasjon finn du nedst på sida.

Nyheiter