Break med Brage!
Har du lyst til å teste ut breaking, eller kan du litt frå før og ønsker å lære meir? Bli med på breakeworkshop med Brage Eckhoff Planke!
Brage har breaka heile livet sitt i Floorknights Crew, og har fleire pallplasseringer frå både NM og internasjonale battler. Dansestilen hans er prega av kreativitet, improvisasjon og eksplosivitet. I tillegg til dette er Brage ein god folkedanser, og har dansa mykje halling for gøy og på konkurranse.
Brage skal ha ein workshop hjå oss med fokus på danseglede og kreativitet i breaking. Workshopen tilpasser seg ulike nivå, og gir rom for å finne sin stil inn i breakinga.
Dette er ein gratis workshop for alle barn og unge i Lesja og Dovre, på Dombås samfunnshus.
Brage Eckhoff Planke
TIDSPUNKT: Onsdag 1. april
Kl. 11:00 - 12:00 (gruppe 1)
Kl. 12:00 - 14:30 (gruppe 2)
OBS! 15 plassar per gruppe.
FOR KVEN:
1. trinn - 3. vgs.
Dei påmeldte blir delt inn i to grupper etter alder, der den yngste gruppa breaker frå kl. 11:00 til 12:00 og den eldste frå kl. 12:00 til 14:30.
Info blir gjeve dagen før kurset!