Velkome til Tælahiv på fredag!

På fredag er det tid for nok eit Tælahiv i og rundt Lesja kulturhus!

Det blir song, dans og musikk på programmet, der både ferske og rutinerte kulturskuleelevar skal opptre.

Program:

Kl. 17:30 - Konsertstart i Lesja kulturhus

Kl. 17:45 - 18:45 - Vandrekonsert med forskjellige stasjonar rundt om på Lesja skule

Kl. 18:45 - Felles avslutning i kulturhuset

19:00 - Konsertslutt

Har du ikkje vore på vandrekonsert før? Det vil seie at publikum delast opp i grupper ved hjelp av fargekoder, og at ein i staden for å sitte stille å sjå på ei førestilling går rundt og ser på minikonsertar i staden. Kvar stasjon har eit program på omlag ti minutt, og under Tælahiv finnst det fem stasjonar. Ein guide vil følge deg og gruppa di til stasjonane.

Arrangementet er gratis!

Vi sjåast på Lesja!

Neste
Neste

Ny runde med kunstkarusell for barn med vaksen!